Carmen
FASTOST
Carmen
Produsent: Skarbø Gård
Type: Fastost
Melk: Kumelk
Lagringstid: Vellagret
Smak: Fyldig og herleg smaksoppleving der det milde og snille vert sameint med det kraftige og fargerike.
Beskrivelse: Carmen kombinerer det beste frå nord og sør – fersk mjølk frå garden og krydder frå Spania. Den mjuke og milde osten får ei smakfull og spanande skorpe av røykt paprika og kaldpressa olivenolje. Drøym deg til sørlegare breiddegrader med Carmen, oppkalla etter Carlos si bestemor, som kvart år tørka lange remser av paprikaer i solveggen på det kvite murhuset sitt. Perfekt til tapas og vakker på ostebordet. Skjer gjerne fine skiver der den raude skorpa får pynte kvar bit.
Utsalgssted: Egen gårdsbutikk og andre utvalgte gårdsbutikker.