Innlegg merket ‘stølsost ysta på seter’
Stølsost
Kommer du over stølsost, har du gjort et kupp. Det handler nemlig om skikkelige
håndverksprodukter.
Brun Geitost Prestholt
Prestholt Geitost er flaggskipet til Prestholt og basen for heile drifta. Dette er ein tradisjonell heilfeit, brun geitosttype som stammar frå Osterøy på Vestlandet, der mor til Tim lærte ystefaget. Prestholt Geitost blir laga på rykande fersk geitemjølk, under ein halv time gamal, og han blir laga av både stølsmjølk og vintermjølk. Dette er også ein prislønt ost, som har fått to gull- og ein sølvmedalje i NM i gardsost.
Les hele >>Sognakvitost Mellomlagra
Sognakvitosten er ein halvfast kvit geitost laga av nysilt (upasteurisert) geitemjølk, syrekultur og løype.
Denne osten representerar ein tradisjon som er felles for dei indre Sognebygdene. Difor kallar vi den usalta kvitostvarianten vår for Sognakvitost. Sognakvitost vart, og blir brukt, i det daglege kostholdet til middag og saltmat, særleg av dei eldre sogningane.
Osten finst i tre mogningsgradar: nylagra (2-3 mnd), mellomlagra (3-6 mnd) og vellagra (6-12 mnd). Den bør oppbevarast kjølig, godt innpakka eller under osteklokke. Tempererast før måltidet.
Les hele >>Kvitost frå Skjerdal
Kvitost frå Skjerdal er ein halvfast ost, ysta av fersk upasteurisert, geitemelk.
Vi yster etter melking både morgon og kveld. Osten blir rørt med tvåre og pressa for hand i tradisjonelle, lagga osteaskar (osteformer) i ulike størrelser frå 1,5- 3 kg Tradisjonelt var osten usalta og vi yster fremdeles ein god del av den typen. I tillegg har vi ein salta variant og ein variant tilsett karve.
Les hele >>Brimost frå Sogn
Vert kokt på mysa som blir att etter ysting av den kvite geitosten. Brimost var lenge hovedproduktet på stølane rundt omkring og var den osten som vart kjend som «geitost».
Brimost egnar seg godt til pålegg på godt brød, vafler og mjølkekaker.
Les hele >>Vikabråtost
FASTOST Vikabråtost Produsent: Vikabråten Type: Fastost Melk: Upasteurisert kumelk Smak: Osten har en delikat og mild smak når den er ung. Fra 3-4 måneder lagring får den en kraftigere og en lett søtlig smak. Beskrivelse: Osten er lagd etter oppskrift fra Alpene. Den modne varianten er egnet som «parmesan» i tillegg til å ha på…
Les hele >>Knåost
Knåost likner på pultost, men har en smørbar konsistens. Laget av upasteurisert kumelk.
Les hele >>Ystil
Ystil er kvardagsosten som kan brukast på staulsvis med rjome eller mjølk på. Den kan også brukast i salatar, bakverk og som ingrediens om ein vil blande inn urter og anna.
Les hele >>Sognakvitost Nylagra
Dette er den originale versjonen av osten frå vår region. Osten er tradisjonelt brukt attåt spekemat og middag, som spekesild, betasuppe, lapskaus.
Les hele >>Brun Undredal
Osten er laga av myse av mjølka frå våre eigne geiter, om lag 230 i talet. Kufløyte utgjer om lag 7,5 prosent av spiseklar ost.
Les hele >>