Grindal Ysteri
Grindal Ysteri
Forteljinga om Grindal handlar om søstrene som ikkje ville flytte heim frå setra. Den gode kvardagen på setra var fylt med kyr og mjølkestell. Da heimflyttardagen kom, var løysinga klar; søstrene måtte bygge seg ysteri heime. Dei norske tradisjonsprodukta skulle få leva vidare på setra, medan verdiane frå seterlivet fekk vera med på seterlasset heim.
Nærleik til heile produksjonen, fridomen ved å sjølv ha styring over dagen, og gleda med å sjå korleis mjølka kan bli til så mange ulike smakar. Vi har vore heldige og fått inspirasjon frå mange kantar, både i inn og utland. Det har gjeve oss smaken på kvalitetsost og gjort oss nyfikne, slik at vi alltid må prøve noko nytt. Slik vart det til at Grindal produserer ostar med anar frå andre himmelstrok, ostar som osteelskarar drøymer om!

Grindal Ysteri
Adresse: Orkdalsveien 2181
Telefon: +47 95946126
E-post- post@grindalysteri.no
Nettsted: http://grindalysteri.no
Gårdsutsalg: Ja
Åpningstider: Døgnåpen og selvbetjent gårdsbutikk