Leirgrøv naturell

Leirgrøv naturell liknar mykje på Leirgrøv stølsmjølk, men er laga på mjølk utanom stølssesongen. Osten blir selt etter seks månader til to år etter produksjon. I utgangspunktet er han kvit og mild, men etter ei tids lagring kan han få eit rosa skjær og bli meir mineralsk i smaken. Leirgrøv naturell er hovudosten til Prestholt Geitost, og vann ein gjev gullmedalje i VM i ost i 2018.

Les hele >>

1242

1442 er ein kvit geitost som er laga med utgangspunkt i laktosetynna produksjon. Leirgrøvostane har fått namn etter stølen Leirgrøv. Stølsmjølktypen blir altså berre laga om sumaren. Geitemjølka tek mykje smak av foret til geita, og geita liker mat med smak i. Derfor er stølsmjølkosten kraftigare på smak og ber preg av geita sin favorittmat – urter, vier og fjellblomar. Kumjølk frå støl blir gjerne gulfarga av karoten, men geitemjølka inneheld ikkje karoten, og blir lys grøn av alle godsakene på fjellbeitet. Derfor kan Leirgrøv stølsmjølk vere lys grøn på farge. Leirgrøv 1242 er lagra i minimum 12 måneder.

Les hele >>

Brun Geitost Prestholt

Prestholt Geitost er flaggskipet til Prestholt og basen for heile drifta. Dette er ein tradisjonell heilfeit, brun geitosttype som stammar frå Osterøy på Vestlandet, der mor til Tim lærte ystefaget. Prestholt Geitost blir laga på rykande fersk geitemjølk, under ein halv time gamal, og han blir laga av både stølsmjølk og vintermjølk. Dette er også ein prislønt ost, som har fått to gull- og ein sølvmedalje i NM i gardsost.

Les hele >>

Fjellgeta

Fjellgeta fra Skansen Gård

Vår variant av Feta : Fjellgeta 😊 Fås kjøpt på Fiskehjørnet, sammen med de andre ostene våre.

Lett krydet salatost i olje uten lake.

Les hele >>

Kvitost frå Skjerdal

Kvitost frå Skjerdal er ein halvfast ost, ysta av fersk upasteurisert, geitemelk.

Vi yster etter melking både morgon og kveld. Osten blir rørt med tvåre og pressa for hand i tradisjonelle, lagga osteaskar (osteformer) i ulike størrelser frå 1,5- 3 kg Tradisjonelt var osten usalta og vi yster fremdeles ein god del av den typen. I tillegg har vi ein salta variant og ein variant tilsett karve.

Les hele >>

Gubb

Gubb er ein fast gommevariant med søtleg smak av brunost, men også med bitar av ostestoff i seg. Enkelt sagt er det ei blanding av brunost og kvitost, kokt på heilmjølk. Produktet blir gjerne brukt som kaffemat, «biteti».

Les hele >>

Mor Åse

Osten er inspirert av franske mjukostar. Ideen til «Mor Åse» fekk bonde og ystar Sigurd under eit ystekurs i Frankrike for nokre år attende.

Les hele >>

Betaost

Betaost er ysta av upasteurisert mjølk frå eigne kyr. Salatost, ysta som ein type feta, skoren i bitar og lagt i olje med urter. Fyldig og frisk i salat og til anna moderne matlaging.

Les hele >>