Skjerdal Stølsysteri
Skjerdal Stølsysteri
På garden vår i Skjerdal i Aurland driv vi eit småbruk med geit og sau og ein hest som har sin heilt spesielle plass i driftsopplegget; den må vi ha for å kløvje ved opp til fjellstølen og osten vi lager ned til bygda.
For stølsdrift er viktig for oss. På denne garden er det ein ubroten tradisjon for stølsdrift og vi har både heimestøl og fjellstøl i drift. Det er på heimestølen vi produserer mest ost og det er her vi har stølskafeen der folk kan komma og oppleve stølslivet, helse på geitene og kjøpe ost og mjølkekaker med nykokt brun geitost. Vi produserer tradisjonell kvit og brun geitost. Kvitosten er ein halvfast ost i 3 ulike variantar; den tradisjonelle usalta kvitosten somblir brukt på middagsbordet til suppe, lapskaus og liknande. Den salta varianten av same osten er ein allsididg mild ost både til ostebordet, pålegg , gratinering m.m. Vi har og ein salta variant med karve som er super på potetkaker eller til nistepakka . Vi lager også kremost, både naturell og tilsett urter og modna kremost med kvitmugg.
Turen til støls er ein ca 25 min vandretur frå parkeringen i Skjerdal. Det er ikkje langt men bratt og du treng gode sko. Vel framme på stølen Leim kan du nyte utsikten og ta ein kopp kaffe på utendørsserveringen. Vi serverer nysteikte mjelkekaker med fersk brunost og du kan få ein snak av alle ostane vi produserer.

Skjerdal Stølsysteri:
Adresse: Skjerdalsvegen 116, 5745 Aurland
Telefon: 948 29 431
E-post: anne.karin.hatling@alb.no
Nettsted: http://www.skjerdal.com
Gårdsutsalg: Ja - 1.juli til 30.august