Skarbø gard
Skarbø gard
Med den gode, ferske mjølka frå buskapen vår, lagar vi ost i eit nytt ysteri i det hundre år gamle våningshuset. Her tek vi opp att arven frå meieridrift på Skarbø i svunne tider, og byggjer på tradisjonar frå Carlos sin spanske familie, som har lært oss å yste slik det vert gjort oppe i fjellet i Sierra Nevada.
Osten vår er blitt godt motteken, og Soleglad fekk bronsemedalje i World Cheese Awards i 2018. God ost er fin å nyte med god drikke, og såleis har vi også eit eige sideri på garden. Her lagar vi most og sider av fine tradisjonseple. Ost og sider er ein fantastisk kombinasjon, og vi inviterer til å nyte sunnmørslandskapet frå jord til bord.
Skarbø gard:
Adresse: Bygdavegen 335
Telefon: +47 90 78 18 81
E-post: post@skarbogard.no
Nettsted: http://www.skarbogard.no
Gårdsutsalg: Åpent hele året.