Leirgrøv naturell

Leirgrøv naturell

Leirgrøv naturell liknar mykje på Leirgrøv stølsmjølk, men er laga på mjølk utanom stølssesongen. Osten blir selt etter seks månader til to år etter produksjon. I utgangspunktet er han kvit og mild, men etter ei tids lagring kan han få eit rosa skjær og bli meir mineralsk i smaken. Leirgrøv naturell er hovudosten til Prestholt Geitost, og vann ein gjev gullmedalje i VM i ost i 2018.

Les hele >>

Leirgrøv 1242

Leirgrøv 1242

Leirgrøv er ein kvit geitost som er laga med utgangspunkt i laktosetynna produksjon. Leirgrøvostane har fått namn etter stølen Leirgrøv. Stølsmjølktypen blir altså berre laga om sumaren. Geitemjølka tek mykje smak av foret til geita, og geita liker mat med smak i. Derfor er stølsmjølkosten kraftigare på smak og ber preg av geita sin favorittmat – urter, vier og fjellblomar. Kumjølk frå støl blir gjerne gulfarga av karoten, men geitemjølka inneheld ikkje karoten, og blir lys grøn av alle godsakene på fjellbeitet. Derfor kan Leirgrøv stølsmjølk vere lys grøn på farge. Leirgrøv 1242 er lagra i minimum 12 måneder.

Les hele >>

Prosten

Prosten er ein modna kremost av geitemjølk, det nordmenn liker å kalle chevre. Denne blir laga heile året, både på stølsmjølk og vintermjølk. Prosten hadde namnet Presten tidligare, etter den tidlegare (gamle) presten i Ostebygda, som no har blitt Prost. Han er glad i å lage mat og svært entusiastisk til ost, og han forkynner gjerne den glade bodskapen om lokale ysteri og lokalprodusert ost.

Kva med å varme heile osten i oven på 200 grader i 4 minutter? Serveres med søtt følgje.

Les hele >>

Brun Geitost Prestholt

Brun Geitost

Prestholt Geitost er flaggskipet til Prestholt og basen for heile drifta. Dette er ein tradisjonell heilfeit, brun geitosttype som stammar frå Osterøy på Vestlandet, der mor til Tim lærte ystefaget. Prestholt Geitost blir laga på rykande fersk geitemjølk, under ein halv time gamal, og han blir laga av både stølsmjølk og vintermjølk. Dette er også ein prislønt ost, som har fått to gull- og ein sølvmedalje i NM i gardsost.

Les hele >>

Hol Ysteri Prestholt Geitost

Prestholt Geitost på Prestholt ligger 1242 m.o.h. som en av de høyest liggende stølene i Norge, ved foten av Hallingskarvet, delvis inn i Hallingskarvet Nasjonalpark.

Les hele >>