Undredal Stølsysteri
Undredal Stølsysteri
Me er tre familiar som driv Undredal Stølsysteri i lag. Me lagar kvit og brun geitost av fersk, rå mjølk frå eigne geiter. Sesongen startar i februar og endar i oktober.
Det har vore produsert kvit og brun ost på stølen i Undredal så lenge ein kjenner til. Undredal Stølsysteri SA representerer ei modernisering av drifta, men held fast på grunnleggjande prinsipp: 1. Produksjonen er basert på mjølk frå eigne geiter, om lag 230 i talet. 2. Me ystar av dagfersk, upasteurisert mjølk. 3. Me nyttar alle delane av mjølka, dvs. me lagar både kvit og brun ost, og ingen ting går til spille.
Me produserer Brun Underdal, Sognakvitost og Kvit Undredal. Den kvite geitosten kjem i fleire ulike mogningsgradar - nylagra, mellomlagra, vellagra og eldgamal. Kvit Undredal Vellagra vart kåra til Årets ost under Det norske måltid 2012. Kvit Undredal Eldgamal fekk gullmedalje under World Cheese Awards i Bergen hausten 2018.
Undredal Stølsysteri:
Address: Undredalsvegen 43, 5746 Undredal
Phone: 90718655
E-mail: geitost@online.no
Website: http://www.undredalsost.no
Farm shop: No