Undredal Stølsysteri

Undredal Stølsysteri

Me er tre familiar som driv Undredal Stølsysteri i lag. Me lagar kvit og brun geitost av fersk, rå mjølk frå eigne geiter. Sesongen startar i februar og endar i oktober. Det har vore produsert kvit og brun ost på stølen i Undredal så lenge ein kjenner til. Undredal Stølsysteri SA representerer ei modernisering av drifta, basert på grunnleggjande prinsipp: 1. Me bruker berre mjølk frå våre eigne geiter, om lag 230 i talet. 2. Me ystar av dagfersk, ikkje varmebehandla mjølk. 3. Me nyttar alle delane av mjølka, dvs. me lagar både kvit og brun ost, og ingen ting går til spille.

Me produserer Brun Undredal, Sognakvitost og Kvit Undredal i ulike modningsvariasjoner - nylagra, mellomlagra, vellagra og eldgamal. Kvit Undredal Vellagra vart kåra til Årets ost under Det norske måltid 2012. Kvit Undredal Eldgamal fekk gullmedalje under World Cheese Awards i Bergen hausten 2018.

Undredal Stølsysteri SA

Undredal Stølsysteri:

Adresse: Undredalsvegen 43, 5746 Undredal
Telefon: 90718655
E-post: geitost@online.no
Nettsted: http://www.undredalsost.no

Gårdsutsalg: Nei

OSTER FRA DENNE PRODUSENTEN