Kvitost frå Skjerdal

Kvitost frå Skjerdal

Kvitost frå Skjerdal er ein halvfast ost, ysta av fersk upasteurisert, geitemelk.

Vi yster etter melking både morgon og kveld. Osten blir rørt med tvåre og pressa for hand i tradisjonelle, lagga osteaskar (osteformer) i ulike størrelser frå 1,5- 3 kg Tradisjonelt var osten usalta og vi yster fremdeles ein god del av den typen. I tillegg har vi ein salta variant og ein variant tilsett karve.

Les hele >>

Brimost frå Sogn

Brunost frå Skjerdal

Vert kokt på mysa som blir att etter ysting av den kvite geitosten. Brimost var lenge hovedproduktet på stølane rundt omkring og var den osten som vart kjend som «geitost».

Brimost egnar seg godt til pålegg på godt brød, vafler og mjølkekaker.

Les hele >>