Innlegg merket ‘ost fra Avdem Gardsysteri’
Gubb
Gubb er ein fast gommevariant med søtleg smak av brunost, men også med bitar av ostestoff i seg. Enkelt sagt er det ei blanding av brunost og kvitost, kokt på heilmjølk. Produktet blir gjerne brukt som kaffemat, «biteti».
Les hele >>Mor Åse
Osten er inspirert av franske mjukostar. Ideen til «Mor Åse» fekk bonde og ystar Sigurd under eit ystekurs i Frankrike for nokre år attende.
Les hele >>Betaost
Betaost er ysta av upasteurisert mjølk frå eigne kyr. Salatost, ysta som ein type feta, skoren i bitar og lagt i olje med urter. Fyldig og frisk i salat og til anna moderne matlaging.
Les hele >>Huldreost
Huldreost – fjellsmak til festbordet – er ein brunost utanom det vanlege, med fjellurtene einebær og kvann og norsk akevitt. Produktet passar perfekt på havrekjeks, som smaksforsterkar i viltretter og dessert, eller som snacks.
Les hele >>Pultost
Ein norsk ostetype med røter attende til vikingetida, produsert av syrna skumma mjølk. Vår pultost, original Avdem-kjuke, er premiert i oste-NM.
Les hele >>Fjelldronning
Fjelldronning er ein lagra kittmogna ost, ysta av fersk, upasteurisert mjølk frå eigne kyr. Smaken utviklar seg gjennom fleire månader på lager, der vi vaskar og steller osten med stor omsorg. Fjelldronning er premiert i både NM i ost og i World Cheese Awards 2018-2019.
Les hele >>Bufast Vellagra
Bufast er ein vellagra, fast kittost, som er lagra i minst 20 mnd og gjerne lenger, ysta av rå mjølk frå eigne kyr. Osten er inspirert av europesike alpeostar og har ein fyldig og nøtteaktig smak. Premiert med Gull i NM i ost (2019) og sølv i World Cheese Awards 2018-2019.
Les hele >>