Avdem Gardsysteri

Avdem Gardsysteri

Avdem ligg i fjellbygda Lesja – øvst i Gudbrandsdalen, 600 m.o.h. Den opphavlege namneforma AbifahaimaR (den innbringande heimen) tyder på at garden er blant dei aller eldste i bygda, om lag like gammal som vår tidsrekning. Sidan slutten av 1700-talet har garden vore i same slekta, og dagens brukarar er åttande generasjon.

Det var kvinnene som mjølka kyrne, ysta ost og kinna smør, og om somrane skjedde dette viktige arbeidet på setra. Sist på 1800-talet vart det også stifta eit lokalt meieri her i grenda. Det var Siems Meieriforening, som selde smør til Kristiania og til og med eksporterte til England! Avdem Gardsysteri byggjer såleis på ein mangfaldig tradisjon.

Avdem Gardsysteri:

Adresse: Avdemsvegen 40
Telefon: +47 477 57 573
E-post- gardsysteri@avdem.no
https://www.avdem.no/

Gårdsutsalg: Ja

OSTER FRA DENNE PRODUSENTEN