Innlegg merket ‘Ryfylke Gardsysteri’
Ryfylke Gardsysteri
Hilde og Joar Hauge heiter me som driv Ryfylke gardsysteri og held til på Fister i Ryfylke. Her har me mjølkekyr og frittgåande høns. I 2020 bygde me ysteri vegg i vegg med fjoset, der me produsere ost og yoghurt av mjølk frå våre eigne kyr.
Les hele >>Rabben Pøyg
Rabben Pøyg er ein upasteurisert halvfast ost lagra i 2-3 mnd. Rabben heiter det der ysteriet står, det betyr ein kolle, rundforma terrengformasjon, som ein ost er. Pøyg er eit dialektord som betyr halvvoksen gutt og det syns me passa til denne som er ein ung ost med mykje smak. Ein allsidig ost som kan brukast til mangt. Pålegg, pizza eller bare sånn den er ilag med eitt glass rødvin, då er osten nett som rødvinen – best når den er temperert.
Les hele >>