Mjølkeprim

Mjølkeprim fra Jakobsplass

Mjølkeprim er eit svært lokalt produkt som berre blir kokt i Hallingdal og nærområda. Dette er ein brunost som blir skore i tjukke skiver og servert til kaffimat – nydeleg på nysteikte vaflar eller lappar! I mjølkeprimen er heile mjølka kokt inn, ostemassen er ikkje teke bort. Dette gjer han rask å koke og mindre haldbar, men mjølkeprimen kan frysast. Budeiene kokte mjølkeprim den fyrste og siste dagen på stølen, når dei måtte ta raskt hand om dagens mjølk.

Kva med å invitere naboen inn på kaffi og Mjølkeprim?

Les hele >>

Søtprim

Søtprim fra Jakobsplass

Mange tenker på prim som noko ein smørar på brødskiva, men søtprimen frå Jakobsplass er ein brunost. Han er laga av ku- og geitemjølk og er tilsett litt sukker –som du kan høyre av namnet – og kokt på gamlemåten i vedfyrt kjele.

Kva er luksus? Det kan jo være å bytte ut anna brunost, med Søtprim i frå Jakobsplass.

Les hele >>

Ekte geitost fra Skurdalen

Ekte geitost fra Skurdalen

Ekte geitost er hovudproduktet frå Jakobsplass, og er ein prislønt storkar. Brunosten Ekte geitost vann gull i NM i gardsost i 2017 og sølvmedalje i oste-VM i 2018. Trine fyrer kjelen sin med ved, noko som gir ein heilt særeigen smak.

Kva om du kvar einaste morgon starter dagen med ei god brødskive med eit par skiver Ekte geitost på?

Les hele >>