Brimi Sæter
Brimi Sæter
Brimi sæter ligg i utkanten av Jotunheimen i Lom med samanhengande seterdrift i mange hundre år. Vi foredlar nesten all setermjølka til tradisjonsprodukt med lang historie, noko vi lærte av gamlebudeia Embjørg som nå har passert 90 år. Ho har vore budeie i over 60 somrar. Kuflokken vår er delvis av gamle norske storferaser. I tillegg har vi 40 utegrisar ved setra, fora på næringsrik myse frå osteproduksjonen.
Brimi sæter er open for gjestar heile sommarsesongen. Der kan du oppleve seterlivet med mjølking, ysting, dyr på beite og smake ekte seterkost. Vi har overnatting i gamle seterhus, gardsbutikk, seterkafe og kvar kveld serverar vi 4-retters «Skråpå tå» ved langborda på låven. Ei matoppleving med smelta ost i fokus og gode historiar.

Brimi Sæter:
Adresse: Smørlivegen 24, 685 Garmo
Telefon: 91137558
E-post: post@brimi-seter.no
Gårdsutsalg: Ja - 20. juni til 20.aug.