Innlegg merket ‘ost fra Rueslåtten Ysteri’
Store Velten
StoreVelten er ein stor, fast, upasteurisert
lagringsost laga på rein, rå kumjølk. StoreVelten blir selt som heile hjul på 15 kilo. Smaken er mild og fin og blir kraftigare ved langtidslagring. Han har vorte lagra i minimum seks månader.
Rød Geit
Rød Geit er ein halvfast rødkittost laga på rein geitemjølk. Rødkitten som osten er
pakka inn i, blir vaska med saltvatn, noko som gir ein god og litt salt kittsmak. Rød
Geit har vore med i VM i ost to gonger, i 2017 og 2018, og vann bronsemedalje
begge gongene.
Lord Garvagh
Lord Garvagh har mykje til felles med Rød Geit, bortsett frå at han er laga på rein kumjølk. Lord Garvagh er ein pasteurisert, halvfast rødkittost som er vaska i saltvatn. Osten smaker aller best om han får ligge minst eit par månader. Namnet har han arva frå den britiske adelsmannen Lord Garvagh, som treivst godt i fjellheimen i området i riktig gamle dagar.
Les hele >>St. Paul
St. Pål liknar StoreVelten, laga med like delar ku- og geitemjølk. Geitemjølka frå Øvrejorde gjer St. Pål kraftigare på smak og får han i tillegg til å modne litt raskare. Han har vorte lagra i minimum seks månader.
Kva med å rive litt St. Pål og i
sundagsomeletten?
Kubbeost
Kubbeosten av geitemjølk er ein modna kremost, som er modna med mjølkesopp. Ofte vert denne ostetypen kalla chevre. Osten fekk ein gjev bronsemedalje i oste-VM i 2018. Trefjølene som Kubbeostane ligg på, er laga i samarbeid med Vinn Hallingdal. Trefjølene er eit ledd i den lokale verdiskapinga. Viktig for osten, bonden og miljøet.
Kva med å skjære ei god skive og varme den i eit par minutter i ovnen, og servere med solbærsirup og nokre hasselnøtter vendt i varmt sukker?
Les hele >>