Mjølkeprim

Mjølkeprim fra Jakobsplass

Mjølkeprim er eit svært lokalt produkt som berre blir kokt i Hallingdal og nærområda. Dette er ein brunost som blir skore i tjukke skiver og servert til kaffimat – nydeleg på nysteikte vaflar eller lappar! I mjølkeprimen er heile mjølka kokt inn, ostemassen er ikkje teke bort. Dette gjer han rask å koke og mindre haldbar, men mjølkeprimen kan frysast. Budeiene kokte mjølkeprim den fyrste og siste dagen på stølen, når dei måtte ta raskt hand om dagens mjølk.

Kva med å invitere naboen inn på kaffi og Mjølkeprim?

Les hele >>