Renndølsetra

Støl og seter

Renndølsetra

Kvar sommar sidan 1740 har familien Opdøl flytta dyra til setra i Innerdalen, vest i Trollheimen. Her kan du bo, berre for å slappe av og nyte seterstemninga, eller som utgangspunkt for fjellturar. Innerdalstårnet er målet for dei fleste, men Renndalskammen er vår favoritt!

Vi har også ein seterkafe der vi serverer drikke, seterprodukt, vafler og enkel mat om du berre har tid til ein dagstur.

Setra ligg i Innerdalen Landskapsvernområde, og du må gå 3,5 km (ca 1 time) for å komme inn til oss.

Foto: Renndølsetra

Renndølsetra:

Adresse: Innerdalsvegen 323, 6620 Ålvundeid
Telefon: +47 716 97 796

Velkomen tilbake frå St. Hans 2024!