Osterøy Ysteri & Småfeprodukt

Osterøy Ysteri & Småfeprodukt er eit familiegardsbruk med ysteri og produksjonslokale. Me har norsk mjølkegeit og sau av rasen gammal norsk spælsau og ynskjer å drive berekraftig og å best mogleg nytte dei ressursane garden kan gje heime og ved stølen i fjellet. Me lagar handverksmat av egne råvarer av mjølk og kjøt. Osten er laga av familien i meir enn 100 år, etter same oppskrift. Ein ubroten familie tradisjon. På stølen kokar me osten på bjørkeved.

Noreg gror att av skog og kratt og me ser det viktigare enn nokon gong å ha beitedyr for å halde kulturlandskapet ved like. Difor får både sauane og geitene våre vera ute på beite i skog og mark så mykje som mogleg. Det gjer og at dyra våre har ei svært god helse og har ein god trivnad. Om sommaren held me til på stølen i Tyssebotn og både folk og dyr nyter fjell-livet. På stølen koker me brunosten med ved, hogd i lia nedom stølen. Geitene er flinke og kjem heim til mjølking morgon og kveld. Om det er dårleg vær kan de få være inne i ein tørr og lun flor eller de ligg og soler seg på svabergene ved eit fjellvatn i finværet. Sauene trekker om sommaren opp til Høgafjellet, det høgste fjellet på Osterøy.

Osteroy_ysteri

Osterøy Ysteri og Småfeprodukt:

Adresse: Bernesvika 65, 5283 Fotlandsvåg
Telefon: +47 97682629
E-post-  gtyssebotn@gmail.com
Osterøy Ysteri

Gårdsutsalg: Sjølvbetjent, open året rundt

OSTER FRA DENNE PRODUSENTEN